Personvern

Her kan du lese om kva vi samlar inn av informasjon når du bruker kvitvella.no, sender oss ei melding med kontaktskjemaet, kjøper produkt, registrerer ein kundekonto eller kontaktar ein tilsett i forlagsredaksjonen direkte.

 

Kven vi er
kvitvella.no er heimesida og nettbutikken til Kvitvella Forlag. Les meir om forlagsredaksjonen her.

 

Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi samlar dei inn

Informasjonskapslar (cookies)
Som dei fleste andre nettsider nyttar også kvitvella.no cookies. Dette gjer vi for å gi deg ei betre teneste; blant anna lagrar vi produkt du har lagt til i handlekorga, viss du plutseleg blir kopla frå internett, og vi lagrar innloggings- eller leveringsdetaljane dine for ei saumlaus oppleving ved neste besøk.

Dersom du ønskjer å slette alle cookies i  nettlesaren din, må du følgje instruksjonane for den nettlesaren du bruker. Klikk på hjelp i menyen i nettlesaren, eller gjer eit enkelt Google-søk.

Vi lagrar elles aldri informasjon om deg som vi ikkje treng for å svare på spørsmåla dine, behandle produktkjøpa dine o.l. Vi ber deg vere vennleg og aldri sende oss personleg informasjon vi ikkje treng for å behandle bestillinga di.

 

Kontakt via kontaktskjemaet vårt
Når du bruker kontaktskjemaet vårt, blir informasjonen du fyller inn (namn, bedriftsnamn, e-post og telefonnummer), og IP-adresse lagra i databasen vår. Opplysningane blir i tillegg sende som e-post til oss når du kontaktar oss, slik at vi kan behandle bestillinga di. Desse opplysningane bruker vi berre for å behandle bestillinga di.

Informasjonen blir ikkje oppbevart lenger enn det som er nødvendig for å behandle bestillinga di.

 

Kontakt med forlagsredaksjonen
Dersom du kontaktar ein av oss ved å ringe eller sende e-post, blir nødvendigvis enten telefonnummeret ditt eller e-posten din lagra under mottekne samtalar i telefonlistene våre, eller som ein del av e-posten du sender oss. Dette skjer overalt, heile tida, uansett kven du ringer eller sender e-post til.

 

Ved kjøp av produkt og/eller registrering av kundekonto hos oss
Når du kjøper eit produkt frå kvitvella.no, blir informasjonen du skriv inn ved kassa, registrert og lagra: fornamn, etternamn, firma (valfritt), adresse, postnummer, stad, telefon, e-post, og dessutan IP-adresse og dato. Dette blir gjort slik at vi kan sende pakken til deg, eller kontakte deg dersom vi ikkje har fleire eksemplar av produktet på lager, o.l.

Tilsvarande gjeld dersom du registrerer ein kundekonto hos oss. Då blir informasjonen du skriv inn for å bli registrert, lagra.

Vel du å betale med PayPal, heller enn «Kontant ved levering», kjem i tillegg informasjonen din til å bli delt med denne tenesta. For å lære om PayPal sitt personvern, klikk her.

 

Rettane dine når det gjeld opplysninger vi har om deg
Dersom du har kontakta oss via kontaktskjema, e-post, telefon, kjøpt eit produkt eller registrert ein kundekonto, så kan du be om å få ei oversikt over personopplysningane vi har om deg – eller at vi eventuelt endrar eller slettar desse. Dette omfattar ikkje opplysningar vi er pålagde å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.

Ta i så fall kontakt med forlagssjef Aud Søyland på aud.soyland@bbnett.no

 

Kven deler vi informasjonen din med?
Vi deler ikkje informasjonen din med nokon tredjepart.

Unntaket er dersom du vel å betale via PayPal. I så fall blir informasjonen din eigen PayPal-brukar har, delt med PayPal. For å lære om PayPal sitt personvern, klikk her.

 

Rutinar ved potensiell datalekkasje
Dersom vi skulle oppleve ein datalekkasje, vil vi gi beskjed om dette til dei som måtte vere ramma, så fort som mogleg.

Vi har i tillegg ei sikkerhetsløysing som lagrar (og blokkerer) IP-adressa di dersom du prøver å logge inn på nettsida. IP-adressa blir derfor lagra berre som ei sikkerheit mot hackarar/spammarar.

 

Spørsmål?
Kontakt forlagssjef Aud Søyland på aud.soyland@bbnett.no