Beste harpespillerske, verdensberømt.

kr 348,00

Olav Norheim (2024). Beste harpespillerske, verdensberømt. 120 sider, gjennomillustrert.

Berit på Pynte (1812–1900) er eit namn som er nemnt i mange historiske tekstar, og no er det samla innanfor to permar, alt som er mogleg å finne ut om henne. Forfattaren har jamvel funne ut at ho levde eitt år lenger enn det kjeldene før har fortalt.

Norheim har sett Berit på Pynte, eller Berit Skjefte, som ho heitte i kyrkjeboka, inn i ein historisk samanheng. Me får vita mykje om korleis folk levde i Vang og Vestre Slidre på 1800-talet, korleis dei reiste når dei skulle til Kristiania og Lærdal, og kva kontakt dei hadde med omverda. Ikkje minst får me vita korleis kunstnarar og andre turistar begynte å oppdaga Bygde-Noreg og bruke bondesamfunnet i arbeidet for å byggje nasjonen Noreg.

Berit på Pynte spelte for Lindeman og Bjørnson. Og ho hadde besøk av både Grieg og Werenskiold. Korleis tok den vesle husmannskjeringa imot slike storkarar? Det finst mange gode skildringar av desse møta – og dei blir gjenfortalde av Norheim i boka om Berit.

Kategori: Stikkord:

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Berre innlogga kundar som har kjøpt dette produktet, kan leggje att ein omtale.