Reint som gull. Nord-Aurdal Mållag gjennom femti år

kr 250,00

Bjørn Karsrud (2014). Reint som gull. Nord-Aurdal Mållag 1964–2014. (2014.) 112 sider, gjennomillustrert. Kr 250.

ISBN 978-82-997183-4-9

«Reint som gull er det norske målet», skreiv forfattaren, folkeminnesamlaren, redaktøren, målmannen, teologen og filosofen Ivar Mortensson-Egnund. Det gjeld også valdresmålet, og alle andre verdsens språk. Både det lokale og det nasjonale språket er gull verdt for språkbrukaren. Språket er ein reiskap i demokratiet si teneste – det er den reiskapen du bruker for å kunna gje uttrykk for meiningane dine og fremja interessene dine. Samstundes er språket ein del av både den materielle og immaterielle kulturarven som alle bør vera stolte av å bruke – og vise fram, på line med lokalt kulturlandskap, bygningsskikk, klesskikk og matskikk. Men purt og reint – som Mortensson-Egnund hevdar – kan språket aldri bli, ettersom det er i stadig utvikling og må slipast mot nye inntrykk både innanfrå og utanfrå.

Denne boka handlar om arbeidet som Nord-Aurdal Mållag har gjort for valdresmål og nynorsk i 50-årsperioden 1964–2014. I boka møter vi kjende og ukjende personar som har gått i bresjen, men også ei rekke representantar for fotfolket som har kokt kaffi, skrive pressemeldingar, lesarinnlegg og referat, teikna plakatar, selt medlemskort, skrive referat, laga budsjett, drive skulemålsaksjonar, drive åresal og gått på møte.

Bjørn Karsrud (f. 1953) er journalist i avisa Valdres. Han har medforfattar av fleire bøker tidlegare: Nynorsk av hjartans lyst (1985), Leira i Valdres (2001), Hundre år på sporet (2002), Full rulle på norske spor (2004), I hundre. Valdresbanens historie (2006).

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.