Stridsmann frå Strønd. Om menn og politikk i Valdres 1905–1940

kr 380,00

Anne Mette Strand (2020). Stridsmann frå Strønd. 144 sider, gjennomillustrert med foto.

ISBN 978-82-93762-02-7

Erik Strand (1877–1945) var kyrkjesongaren som vart ordførar, lensmann og stortingsmann. Han hadde i mange år ivra for at bøndene skulle samle seg politisk, og då han tok over som ordførar i 1920, hadde  Bondepartiet, seinare Senterpartiet, nyleg vorte skipa. Erik Strand vart med det den første Senterparti-ordføraren i Nord-Aurdal.

Historia om Erik Strand er ei forteljing om det politiske livet i Valdres i første halvdel av det førre hundreåret. Det lokale ordskiftet spegla nasjonale og internasjonale hendingar: den første verdskrigen, framvekst av klassestrid og fagrørsle, arbeidsløyse, konsesjonslovgjeving, økonomiske oppgangs- og nedgangstider.

Likevel stod ofte mennene klarare fram enn sakene, for ordskiftet var personretta og ordbruken krass. Denne boka hentar fram att mange av dei mennene som var med i styre og stell i Valdres for rundt 100 år sidan.

Kategori:

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.