Jakta på drakeegget

kr 349,00

Torild Dedekam (2022). Jakta på drakeegget. (I sal frå 1. november 2022)

ISBN 978-82-93762-04-1

Jakta på drakeegget er ei spennande bok om dei fire barna som dreg til besteforeldra i Valdres. Dei eldste barna ventar seg ein kjedeleg sommarferie på garden, men det blir alt anna enn kjedeleg. Ungane får høyre segna om draken som vart omskapt til tre av trollmannen Zack, og dei møter Rampe frå haugafolket, dei underjordiske, som berre driv med spøk og fanteri.

I eit forrykande uvêr slår lynet ned i Reinli stavkyrkje, og draken Eldjarn får nytt liv. Men han har dårleg tid. Han må finne det siste drakeegget, og han må finne det før trollmannen. Den som finn drakeegget først, får nemleg makta over den nye draken i egget.

Det blir eit kappløp mellom draken, trollmannen, ungane og haugafolket om å finne drakeegget. Kvar er egget, og kven finn det først?

Torild Dedekam (f. 1952) er frå Oslo og bur i Ski. I yrkeslivet har ho drive med rekneskap, men ho har alltid vore oppteken av eventyr og forteljingar. Manuset til Jakta på drakeegget skreiv ho i ein periode då ho budde i Valdres.

1 omtale for Jakta på drakeegget

  1. Aud Søyland

    Her er det stoff for besteforeldre som vil fortelja barnebarna om gamle dagar, og for barnebarna som vil fortelja besteforeldra kva dei er opptekne av!
    Aud

Berre innlogga kundar som har kjøpt dette produktet, kan leggje att ein omtale.