Om oss

Historia om Kvitvella Forlag

Kvitvella Forlag er forlaget til Nord-Aurdal Mållag. Er det vanleg at eit mållag har eit forlag, spør du kanskje – og det er det jo ikkje. Men det begynte med at styret i Nord-Aurdal Mållag gjerne ville gi ut bøkene om Museguten Zakkarias, som var skapte av Oddbjørg Bjerke frå Vestringsbygde (opphavleg frå Etnedal). Ho var i Barnetimen for dei minste på 1980-talet, og historiene hennar fanst på kassett, men hadde aldri vore utgjevne i bokform. Margunn Søyland Nesbakken og Oddrun Hegge, som den gongen var sentrale i styret i mållaget, tok kontakt med familien og fekk løyve til å gje ut ei bok om Zakkarias. Etter forslag frå Bjørn Karsrud starta dei like godt eit lite forlag i same slengen. Namnet vart Kvitvella Forlag, etter Kvitvellafossen på Fagernes, og skipingsåret var 2005.

Ei bok blir til fleire

Då Olav Gullik Bø skulle gje ut den fjerde diktsamlinga si i 2006, kontakta han det ferske forlaget og bad oss om å gje ut boka Stevleik. Det var stor interesse for stev og stevtevlingar på den tida, og samlinga har vore til inspirasjon for mange. Bø har òg gjeve ut to skodespel på forlaget: Pekka og Riddarspranget.

Så gjekk det nokre år før det kom ei barnebok til: Lasse frå Lærdal av Knut Hauge. Dette var barneboka som Knut Hauge ikkje fekk gjeve ut medan han levde. Etter avtale med familien fekk Margunn Søyland Nesbakken hente manuset ut frå Opplandsarkivet, reinskreiv det og gjorde historia tilgjengeleg for alle. Boka har òg vore med på å gje god økonomi til Vestre Slidre Mållag, som delte ut boka i alle postkassar i kommunen og oppmoda folk om å betala ein sum til mållaget.

Jubileum

I 2014 var Nord-Aurdal Mållag 50 år, og eit mållag med eige forlag måtte naturleg nok gje ut si eiga 50-årssoge. Bjørn Karsrud tok på seg arbeidet med å føre jubileumssoga i pennen, og det vart til boka Reint som gull. Boka fortel om målarbeid og kulturarbeid i Nord-Aurdal gjennom 50 år, og om alle dei frivillige som har gjort ein innsats for mållaget gjennom dei åra.

Etter denne boka har det kome nyutgjevingar på forlaget årleg. I 2015 gav me ut Olav Norheims bok om den gjævaste fela til Jørn Hilme, Susen av Garlistuten. Boka vart lansert på Valdres Folkemuseum under Landskappleiken 2015, og Norheims tekst om Jørn Hilme – ein omskriven Dylan-tekst – vart framført der.

Ny bok om fossar

Sidan har bokideane strøymt på. I 2016 var det hundre år sidan lyrikaren og skulemannen Trygve Bjørgo vart fødd. Han var den fyrste rektoren på Valdres gymnas, gav ut sju diktsamlingar og drog dessutan i gang fleire av mållaga i Valdres. Nord-Aurdal Mållag ville difor heidre han med å gje ut dikt i samling – Drøymer du, gamle tre?.

Den nyaste boka til forlaget, 222 fossar i Valdres – i små og store elver av Torodd Lybeck, vart lansert 2. mai i 2017. Boka er det største løftet forlaget har teke så langt, og er interessant ikkje berre for valdrisar, men for dei mange hytteeigarane og andre med tilknyting til Valdres.