Kvitvella Forlag gir ut bøker med tilknyting til Valdres, på nynorsk eller dialekt. Forlaget vart starta av Nord-Aurdal Mållag i 2001.
Til no har forlaget gitt ut tre sakprosabøker, to barnebøker, to diktsamlingar, to skodespel og 21 helsingskort.
Nord-Aurdal Mållag gir og ut helsingskort med motiv og tekster av lokale kunstnarar, forfattarar og skribentar. Me har mange motiv, både for konfirmasjon og andre store dagar, og meir generelle kort.
Helsingskorta kostar kr 20,- pr. stk. i direkte sal frå oss.
Vil du lære å forstå
den tida du lever i,
og laga deg ei meining
om den tida som kjem,
lyt du lære å forstå
så mykje du kan
av tida som var!
Motiv: Margrethe Døvre Ayres.
Tekst: Tore Ey.