222 fossar i Valdres – i små og store elver
kr 390,00
Torodd Lybeck (2017). 222 fossar i Valdres – i små og store elver. 296 sider, gjennomillustrert.
ISBN 978-82-997183-8-7
222 fossar i Valdres – i små og store elver er boka om vassdraga som ressurs og naturelement i Valdres. Forfattar og fotograf Torodd Lybeck fortel om fossar i alle vassdraga i Valdres: Begnavassdraget, Øystre Slidre-vassdraget, Tisleivassdraget, Hedalsvassdraget, Etnavassdraget og Vinstervassdraget. Alle fossane i boka er presenterte i tekst og bilde. Vi får vita korleis fossane har vore brukte gjennom tidene, og om planar for framtida. I tillegg til å vera ei natur- og kulturhistorie er boka eit godt utgangspunkt for å planleggje fine turar, fordi ho gir nøyaktige turbeskrivingar og GPS-koordinatar for kvar fossane ligg.
Karta i boka er laga av eMap, Trondheim (emap.no).
Boka har vorte til med støtte frå Foreningen til Bægnavassdragets regulering, Sparebankstiftelsen Hallingdal, ValdresEnergi og Vang Energiverk.
Torodd Lybeck (f. 1952) har vore lærar og journalist. Han har tidlegare gjeve ut Etna… frå fjell til fjord (1988; medforfattar og redaktør), Valdres veg- og kartbok (1996; medforfattar), 100 år på ski, jubileumsbok for Etnedal skilag (1998), og Når mil blir til smil, kondis-sitat (2008).
Berre innlogga kundar som har kjøpt dette produktet, kan leggje att ein omtale.
Omtalar
Det er ingen omtalar enno.