Pekka

kr 50,00

Olav Gullik Bø (2011). Pekka. Skodespel. Kr 50.

Skodespelet om vêrlammet Pekka og saueflokken han veks opp i, byggjer på boka Pekka, elva og eventyret av valdresforfattaren Knut Hauge. Boka har gledd barn og vaksne gjennom generasjonar, heilt sidan ho kom ut i 1962.

Saueflokken blir send til fjells på sommarbeite og lever godt til sommaren går mot slutten. Men så skjer det noko med Fjellrugga, den gamle bjøllesauen …

Pekka er det sjette lokalhistoriske skodespelet Olav Gullik Bø har skrive. Tidlegare har han fått framført Oskeladd under Grindafjell, Makt og mannetekke, Kongens kvinne, Vinjespelet og – i Kvitterli. I 2016 gav han ut skodespelet Riddarspranget. Spelet om Sigvat og Skårvangssola. Bø har òg gitt ut fire diktsamlingar. Han debuterte i 1986 med Solstrå, seinare kom Kjærleik og Kastevind, og i 2006 Stevleik i skjemt og alvor.

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.