Den magiske hemmelegheita

kr 259,00

kr 259

Kirsten Onstad (2018). Den magiske hemmelegheita. 144 sider, illustrert. Kr 259.

ISBN 978-82-997183-9-4

Elise er sint på mamma fordi ho er så streng mot henne og bror hennar, Markus, og fordi ho aldri har tid til å vera saman med dei. Ikkje ville mamma la Elise få lov til å ha katt heller, og ikkje bryr ho seg om katten Truls etter at han kom i huset. Men så skjer det noko som gjer at Elise heilt gløymer å vera sint. Ein dag då ho og Olai er på jakt etter tomflasker, kjem dei til ein stor, flat stein inni skogen. Der skjer det noko merkeleg …

Magi fører hovudpersonane i boka, Elise og Olai, attende i tid, der dei møter ungdommar på sin eigen alder. Gjennom opplevingane til dei to ungdommane frå vår tid fortel Kirsten Onstad korleis det var å vera ung i Valdres for femti og hundre og år sidan – og endå lenger attende. Desse møta blir også viktige for Elise og forholdet ho har til mora.

Den magiske hemmelegheita er ei barnebok, men er samtidig ei bok for menneske i alle aldrar. Med livserfaring frå arbeid med menneske i ulike livsfasar har Kirsten Onstad den menneskekunnskapen som gjer henne skikka til å forstå og framstille både barn og vaksne.

Kirsten Onstad (f. 1955) er utdanna spesialpedagog og har arbeidd med både unge og gamle innanfor helse- og omsorgssektoren. Dette er den fyrste boka ho gir ut, men ho har dikta og skrive mykje heile livet.

Håkon Aasnes har illustrert boka. Han er mest kjend for å ha laga tekst og teikning til Stomperud, Smørbukk og Annika gjennom fleire tiår.

Kategori: Stikkord: ,

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.