Riddarspranget

kr 60,00

Olav Gullik Bø (2016). Riddarspranget. Spelet om Sigvat og Skårvangssola. Skodespel. Kr 60.

ISBN 978-82-997183-7-0

Sigvat levde på garden Leirhol i Vang i Valdres under Håkon V Magnusson (konge 1299–1319). Han sat i kongens råd, og var sysselmann i øvre Valdres og Hallingdal.

Skårvangssola var ei vakkerjente som budde i Vågå, og ho var tiltenkt ein annan riddar, gudbrandsdølen Ivar Gjesling, som også var sysselmann og like mektig som Sigvat.

Men Sigvat og Skårvangssola møttest og syntest godt om kvarandre. Dei gjorde avtale om at ein gong Ivar var borte frå garden, skulle jenta sende bod over fjellet til Sigvat at han kunne koma til Vågå og hente henne.

I spelet møter vi først den eldre Sigvat på heimegarden sin, men mest følgjer vi den unge Sigvat og mennene hans på ferda over fjellet for å hente den bortlova heim til Valdres.

Sjølve Riddarspranget, der Sigvat tok seg over elva Sjoa, er lett å finne også i våre dagar, godt oppmerkt frå riksveg 51 over Valdresflye. Prøv berre ikkje å gjera det dristige spranget etter.

Riddarspranget er det sjuande lokalhistoriske skodespelet Olav Gullik Bø har skrive. Tidlegare har han fått framført Oskeladd under Grindafjell, Makt og mannetekke, Kongens kvinne, Vinjespelet, – i Kvitterli og Pekka. Bø har òg gitt ut fire diktsamlingar. Han debuterte i 1986 med Solstrå, seinare kom Kjærleik og Kastevind, og i 2006 Stevleik i skjemt og alvor.

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Bli den første til å vurdere “Riddarspranget”

five × 5 =