Susen av Garlistuten

kr 320,00

Olav Norheim (2015). Susen av Garlistuten. Historia om den gjæve fela til Jørn Hilme. 128 sider, gjennomillustrert.

ISBN 978-82-997183-5-6

Alle som var noko til spelemenn, skulle ha ei trondefele, ei hardingfele laga av Trond Botnen frå Vikør prestegjeld. Den mest berømte av tusen trondefeler var den segnomsuste Garlistuten, som vart fela til meisterspelemannen Jørn Hilme (1778–1854) frå Valdres.

Journalisten Olav Norheim har følgt musikkspora etter Garlistuten. Lærdalsmarken, Napoleonskrigen og utvandringa til Amerika grip inn i denne felehistoria. Det same gjer mellomeuropeiske menuettar, to feledetektivar i Dakota, fleire oslovaldrisar og ein rastlaus museumsstyrar.

Men mest av alt – susen og sounden av Garlistuten.

Olav Norheim (f. 1951) er journalist og forfattar og har tidlegare vore redaktør i Norsk Barneblad. Han har gitt ut fleire fagbøker for barn, mellom anna Potetboka, Bilde i berg og Asbjørnsen og Moe på eventyr.

Omtalar

Det er ingen omtalar enno.

Berre innlogga kundar som har kjøpt dette produktet, kan leggje att ein omtale.